UD GEB (SEB)
(Sjå også under Nut)
Geb/Seb var 1. versjon: son av RA/TEM -ein av hans 4 (eller fleire?) born.
2. versjon: son av SHU og TEFNUT.
Geb var jordguden. Han heldt oppe
syskena sine/foreldra sine Shu og Tefnut, som vart luftlaget, og dei igjen heldt oppe syster si, NUT, som vart Himmelen. (Sjå
under Ra eller Shu). Geb og Nut fekk seinare to søner - SET og OSIRIS, og to døtre, ISIS og NEPTHYS. Geb utnemnde
HORUS, son av ISIS og OSIRIS, til konge over Egypt.
NI-GUDS-GRUPPE (dei 9 med blå bakgrunn):
NU = ur-vassmassene
RA (TEM) (Sola). Vart født av eit egg som flaut opp frå ur-vassmassene. Fekk 4 born:
GEB (SEB)
Jorda
NUT
Himmelen
SHU
Himmelkvelven
TEFNUT
Lufta
GEB og NUT fekk desse fire barna:
SETH
Mørke og vondskap
NEFTYS
Seths kone
OSIRIS
Etterfølgde RA som øvstegud. Vart
konge i Underverda.
ISIS
Osiris' kone
ISIS og OSIRIS fekk sonen:
HORUS
Første konge over Egypt.
Geb vart ofte omtala saman med himmelgudinna NUT- oftast under namnet Seb. Nut løyste seg frå Sebs famntak, og forma
himmelkvelven med kroppen sin. Dette høyrde med i første skapingsakta - jord og himmel vart skilde. Seb/Geb-symbol var
m.a. ei kaklande gås, og han kunne ha slangehovud.
Ved Nuts sycamor-fikentre i Heliopolis vaks også dei heilage balsa-tre - av deira olje vart framstilt den dyre balsam som dei
kristne i Egypt og Abyssinia sette slik pris på. Ordet baptisme/baptisere (døype) har si rot i namnet på desse trea. Ved same
trea la Den Store Kaklar jordguden Geb sitt egg - Sol-egget. Balsam-trea vart vatna med vatn frå fontena Ain Shems
(Solas Auge) - ei kjelde som låg i nærleiken.
Geb vart vanlegvis avbileta som ein mann med enten den Kvite Kruna, ... eller med kruna til Nord-Riket + Atef-kruna. Til Geb
var knytt ei gås, eller den merkelege Seb-fuglen. Geb skulle ha fart gjennom lufta i form av denne fuglen - derfor vart
seb-fuglar ofra til Geb.
Jorda var Geb’s kropp. Jorda vart også kalla ”Geb’s hus”, liksom Lufta vart kalla ”Shu’s hus”, Himmelen ”Ra’s hus” og
Underverda ”Osiris’ hus”. Geb var gud for jordoverflata, og jordsmonnet som gav avling og alle vokstrar. Dei underjordiske
gravkamra med lekamane til dei døde var også hans domene. Det vart skrive mange lovord om han i gravskriftene. Han er også
med i det gude-kollegiet som står som vitne når Osiris veg dei avdøde sine hjerte i Dommens Hall. På panna til Geb stod dei to
hemmelege portane som sjelene skulle vandre gjennom, og han vakta godt på desse portane. Dei rettferdige kunne få sleppe fri
frå jorda, vandre gjennom portane og kome til Himmelen. Å rå over dei rette magiske orda, var til god hjelp med dette. Dei
vonde og synefulle vart haldne fast i Geb’s grep i Jorda.
SEKHET og ANPU var gode hjelparar for dei døde, men det var Geb då måtte bønfalle om å opne dei to portane. ”Gebs
kjevar” vart portane kalla. Dei døde bad Geb opne deira auge og fri dei frå lekamen, som var bunden til Jorda. ”Min far er
Geb og mi mor er Nut”, pla gjerne den døde uttale. I mange gravskrifter vart Geb bønnfalt om å verne den døde mot slangar
(vondskap).
I ein gravtekst - ei hylling til opphavsguddommen NU seier Nu: Himmelens dører er opna for meg - Jordas dører er opna for
meg - Gebs boltar og gitter er opna for meg! Og eg talar med Geb, Jordas herre og vernar!
Det var ikkje nokon spesiell by eller distrikt som var avsett til Geb, men ein del av tempel-området i Apollinopolis Magna
vaty kalla Seb’s Aat”, og eit namn på Dendera var ”Heimen til Seb’s barn”. Gudens hovudsete ser ut til å ha vore i
Heliopolis, der han og hans kvinnelege motpart Nut avla ”Det store Egget”. Ut av dett sprang Solguden som ein Fønix. På
grunn av dette egget vert Geb stundom kalla Kenken-Ur (”Den store Kaklaren” - (gasse)).
Frå Dødeboka ...den avdøde uttalar:
Ver helsa, du store Tem - lat meg få kjenne den svale pust som kviler i dine naseborar! Eg omfamnar den store
trona i byen Hermopolis, og eg held vakt over egget til Den Store Kaklar. Eg er egget som er i Den Store Kaklar, og
eg vaker og vaktar over dette mektige som vart til då guden Geb opna Jorda. Eg veks når det veks. Eg lever når
det lever. Min pust er dets pust.
Fuglen Fønix heitte på egyptisk BENNU. Les om Bennu under "Mindre gudar....".
GEB, SHU OG NUT
Geb strakk ei arm mot Himmelen og ei arm mot Jorda. Ved hans side står Shu, som held Himmel-kvelven oppe - denne i skap
av ei kvinne med stjernestrødd kropp - gudinna Nut.
Shu løfta Nut opp frå Geb's famntak, og skilde Jord og Himmel. Slik fekk Shu sin etterfylgjar Geb og si kone Nut. Dei
egyptiske kongane hevda å ha fått kruna/krunene i arv av Shu.
Geb var stammehøvding for gudane, og hans trone representerte den suverene makt, både i Himmelen og på Jorda. Som
skapingsgud vart Geb identifisert med TEM.
Geb's element var jord
Shu's element var luft.
Osiris' element var vatn
Ra's element var eld.
Somme skrifter tillegg Geb å ha med vatnet i lufta å gjere - andre hevdar han å vere høvding i Underverda. Også vert det skrive
om han at han er ein av vaktarane av Himmelens portar - når desse vert opna, strøymer sollyset over Jorda. Når Geb set seg i
rørsle vert det jordskjelv og torever. Han hadde slektskap, på eitt eller anna vis, med dei to AKHRU-GUDANE -
dobbelt-gud som vart avbileta som ei løve med hovud i begge endar. Akhru var personifisering av vegen Sola gjekk gjennom
Jorda i sitt natt-laup. Inngangane til tunellen var gjennom løvehovudas gap. Det eine symboliserte kvelden i vest - det andre
morgonen i aust. I seinare tid fekk løvehovuda kvar sin kropp - eine løva vart kalla Sef (i går) - den andre vart kalla Tuau (i
dag).
Geb var rådgjevar for dei døde i gravene, og gav dei brød og drikke. Geb gav hjelp og vern til son sin Osiris, og dei døde bad
om å få same gåvene av Geb/Seb.